Gry Anette
Minneord Kjære umistelege skatten min ❤️ Det er heilt ufatteleg tungt og uendeleg hardt å skulle sjå for seg eit liv utan deg ❤️ Halde handa di, høyre den djupe stemma di, kjenne dei sterke armane dine kring meg, snakke om stort og smått ❤️ Du er riven ut av tida og det kjennest så brutalt ❤️ Eg har aldri elska nokon så høgt som eg elsker deg ❤️ Den kjærleiken vil vare ved, sjølv om den koster meg så uendeleg vondt akkurat no ❤️ Eg er evig takknemleg for det me har hatt saman ❤️ Eg var så lukkeleg saman med deg ❤️ Det lever vidare, og takknemligheten for deg og kjærleiken du viste meg, tek eg med meg resten av livet mitt ❤️ Eg elsker deg så inderleg ❤️



